ELSKER BONDEYRKET: Dagfinn Birkeland er saue- og grisebonde på Mosbakka i Saudasjøen. – Sjølv om det er mykje arbeid er det eit fantastisk yrke, konstaterer Birkeland, som eigentleg er utdanna snekker. (Foto: Frank Waal)
ELSKER BONDEYRKET: Dagfinn Birkeland er saue- og grisebonde på Mosbakka i Saudasjøen. – Sjølv om det er mykje arbeid er det eit fantastisk yrke, konstaterer Birkeland, som eigentleg er utdanna snekker. (Foto: Frank Waal)

Ser lyst på landbruksnæringa i Sauda

Dagfinn Birkeland ser optimisme i det lokale landbruket. Under Bønder i byn inntar bøndene sentrum for å synleggjere næringa si.

Det er 20 år sidan Dagfinn Birkeland bestemte seg for å bli bonde. Han angrar ikkje på det.

– På 70-80-talet føler eg bonden var uglesett i Norge. I dag har bonden ein voldsom stor støtte i befolkninga. Nordmenn ser kor viktig bonden er. Trygg og kortreist mat har blitt ein verdi som i dag blir verdsett blant innbyggarane, meiner Birkeland.

Han gleder seg stort over rekrutteringa til det lokale landbruket.

– Det er fleire unge som satsar. Det blir bygd nye driftsbygningar og investert i gardane. Det er mange år sidan det har vore så stort trykk i den lokale landbruksnæringa som det er nå, seier Birkeland.

Laurdag inntar den lokale bondenæringa sentrum.

– Det er viktig at me får synleggjort kva me held på med. I tillegg er det kjekt å vere med på å skape liv og aktivitet i sentrum, seier Birkeland.

Det er tre år sidan Bønder i byn blei arrangert første gong. Det første året var det ein forsiktig start. I fjor mobiliserte bøndene stort. Både skogeigarlaget, bondelaget og Sauda Sau og Geit stiller mannsterke.

– Arrangementet i fjor blei ein kjempesuksess. Det var utruleg kjekt. Eg er overvelda over kor godt det blei tatt imot. I år vil me stille like sterkt, samtidig som me skal prøve å gjere det endå litt betre, opplyser Birkeland.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.