Hane Mohammad og Alaa Ahmad byr på syriske matrettar i Fars´s Vilje-lokala.

STARTAR PRØVEDRIFT: Syriske Hane Mohammad (til venstre) og Alaa Ahmad vil i utgangspunktet ha ope ti timar laurdag og søndag. På menyen står hovudsakleg syriske matrettar. (Foto: Ingvil Bakka)

Opnar syrisk kafé – i Sauda

Hane Mohammad og Alaa Ahmad byr på syriske matrettar i Fars´s Vilje-lokala.

av Ingvil Bakka

– Me startar ei forsiktig prøvedrift, med å ha ope laurdagar og søndagar. Først vil me testa ut korleis folk liker matrettane våre. Viss folk liker dette, vurderer me å ha ope fleire dagar i veka, seier Alaa Ahmad.

Etter at Sauda mottakssenter blei lagt ned i slutten av februar har det vore liten aktivitet i dei tidlegare kafé- og restaurantlokala i bygget i krysset mellom Brugata og Skulegata, midt i Sauda sentrum. Kristian Hystad, som er eigar av bygget, er glad for å få liv i lokala igjen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.