Rundt 50 båtar har varsla sin ankomst til Sauda denne påsken. Ole Knudsen feirar båtpåske for 36. gong.

FAST PÅSKEGJEST: Båtforeiningas leiar, Thormod Gilje (til venstre), slår av ein prat med ein av dei faste påskegjestene i båthamna. Ole Knudsen frå Stavanger feirar påske i Sauda for 36. gong. (Foto: Frank Waal)

Fast påskegjest i båthamna

Rundt 50 båtar har varsla sin ankomst til Sauda denne påsken. Ole Knudsen feirar båtpåske for 36. gong.

av Frank Waal

Ein god del av båtturistane har alt fortøyd båten i båthamna. Men Sauda Motorbåtforening ventar framleis fleire båtar dei neste par dagane.

– Det er rundt 50 båtar som har varsla sin ankomst, men det kan fort bli 20 båtar til i løpet av påsken, opplyser båtforeiningas leiar, Thormod Gilje.

Ein av dei faste gjestene er Ole Knudsen frå Stavanger. Saman med kona feirar han påske i Sauda for 36. gong.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.