Det blei registrert heile 2 652 besøkande i badeanlegget løpet av åtte påskedagar. Flest besøk var det på påskeafta.

POPULÆRT: Utebadeanlegget i Sauda har heilårsbasseng, hoppebasseng, rutsjebane og barnebasseng. (Foto: Per Inge Fjellheim)

Rekordbesøk i Saudahallen

Det blei registrert heile 2 652 besøkande i badeanlegget løpet av åtte påskedagar. Flest besøk var det på påskeafta.

av Ingvil Bakka

– Nær 600 besøkande på éin dag er heilt i grenseland når det gjeld bemanninga vår. Det har vore ein travel påske, men det gjekk heilt fint. Både tilsette og gjester har vore veldig fornøgde, seier Stein Ove Løvik, oppsynsmann ved Saudahallen.

Heilårsbassenget i Sauda sitt då splitter nye utebadeanlegg opna i slutten av mars i fjor. Første opningsdagen var faktisk måndagen i påskeveka, og i løpet av dei seks påskedagane i 2016 blei det registrert 1 976 gjester. I år var heile badeanlegget ute, altså både heilårsbassenget, hoppebassenget, rutsjebanen og barnebassenget, ope også palmehelga.

– Måndagen var det enormt mykje folk, med heile 521 besøkande. Det var kø langt oppover i foajeen. Men rekorden stod ikkje lenge. Påskeafta var det heile 585 besøkande, seier Løvik.

Men tala har svinga noko gjennom påskeveka. For eksempel var det ”bare” 109 besøkande på palmesøndag. Langfredag, den desidert aller finaste solskinsdagen i påsken i år, var det 244 personar som tok turen til badeanlegget.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her