PÅ SYNFARING: 14 sørkoreanske turoperatørar besøkte Allmannajuvet fredag. Dei vurderer nå om Sauda sitt store turistanlegg kan lokka endå fleire asiatar til området. (Foto: Ingvil Bakka)
PÅ SYNFARING: 14 sørkoreanske turoperatørar besøkte Allmannajuvet fredag. Dei vurderer nå om Sauda sitt store turistanlegg kan lokka endå fleire asiatar til området. (Foto: Ingvil Bakka)

Utlandet vil til Allmannajuvet

Stadig fleire turistar og turoperatørar vil besøka Zumthor-bygga, også utanfor opningssesongen.

– Kvar veke blir me kontakta av folk som vil besøka anlegget. Det er både folk frå utlandet, frå Norge og også fleire lokale folk, seier Ragnar Fosstveit, dagleg leiar i Sauda Ferie & Fritid.

Fredag i sist veke var 14 turoperatørar frå Sør-Korea i Sauda og fekk omvising i Allmannajuvet.

Sørkoreanarane blei følgt til Sauda av Liv Jorunn Tjelmeland frå Reisemål Ryfylke. Ho fortel om ein enorm stor interesse for Nasjonal turistveg og Allmannajuvet.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.