Stabile omnsprosessar, og investeringar i raffineringsanlegget gjorde at Eramet Norway Sauda hadde rekordhøg produksjon i 2016.

REKORD: Eramet sette ny produksjonsrekord i 2016.

Rekordar hos Eramet

Stabile omnsprosessar, og investeringar i raffineringsanlegget gjorde at Eramet Norway Sauda hadde rekordhøg produksjon i 2016.

av Ingvil Bakka

– Me hadde ein ”all time high”-produksjon i 2016. Likevel var omsettinga til Eramet Norway åtte prosent lågare enn i 2015, fortel Rune Dolmen, verksdirektør ved Eramet sitt smelteverk i Sauda.

Store svingingar i både prisar og etterspørsel etter mangan er årsaka til at det blei produsert meir enn det blei selt i fjor.

Millioninvesteringane som blei gjort i prosjektet MOR 700 i 2016 har bidratt til at kapasiteten og effektiviteten ved MOR-anlegget har auka.  Dette førte til nye produksjonsrekordar i 2016.

– Me ”vann” ei viktig investering tilknytta vidareutvikling av raffineringskapasiteten vår. Dei endelege endringane vil bli realisert frå og med andre halvår i 2017, medan store delar av fjoråret gjekk med til førebuingar og uttesting. Testane viser lovande resultat for framtida, seier Dolmen.

Omn 11 produserte i 2016 tre prosent betre enn i 2015.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.