Hildeborg Juvet Hugdal kjente ho var god for både EM-gull og VM-kravet. Så gjekk det frykteleg galt i benkpress.

GIPS OG FATLE: I første forsøk i benkpress gjekk det galt for Hildeborg Juvet Hugdal, som fekk olbogen ut av ledd med 220 kilo trykk på. I Spania blei olbogen hennar brekt tilbake i leddet og gipsa, medan MR-undersøkingar i Norge gir ho svar på omfanget av skaden. (Foto: Privat)

Smertemareritt i EM

Hildeborg Juvet Hugdal kjente ho var god for både EM-gull og VM-kravet. Så gjekk det frykteleg galt i benkpress.

av Even Emberland

Styrkeløftaren var laurdag i aksjon i europameisterskapet i Malaga. Det utvikla seg til eit mareritt for saudabuen. Etter å ha løfta 245 kilo i knebøy, var ho i rute til både VM-kravet, som var hovudmålet, og EM-gull, men i hennar beste øving, benkpress gjekk det galt.

– Eg følte eg var oppe og hadde løfta det. Ingen tok stanga, og andre har sagt at dei såg at venstrearmen begynte å sige. Då burde dei på plattingen tatt stanga, men det gjorde dei ikkje, og olbogen stod heilt andre vegen med 220 kilo på før dei tok vekta. Så kom det stupande til nokre fleire personar, fortel Hugdal.

– Det sette ein skikkeleg støkk i meg. Akuttskadar er så sjeldne for oss, så eg blei meir skremt. Eg fekk hjelp frå fleire, og dei prøvde å brekke den tilbake og i ledd igjen. Det trur eg er det vondaste eg har vore med på i heile mitt liv, seier Hugdal om smertene på plattingen i Malaga.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.