HJARTE FOR SENTRUM: Spesielt godt liker Ingvild Hovind ordtaket på benken ved Fargerike-butikken. (Foto: Even Emberland)
HJARTE FOR SENTRUM: Spesielt godt liker Ingvild Hovind ordtaket på benken ved Fargerike-butikken. (Foto: Even Emberland)

Har landa på Fattnes Vestre

Etter mellom anna 15 år som omstreifande kostymedesignar og andre krumspring har trønderen Ingvild Hovind slått seg ned på Fattnes blant tyrolerfe og sau.

Ho er i ferd med å bli eit kjent fjes for fleire og fleire i Sauda. Som kommuneplanleggar har ho hendene på rattet i ei rekke utviklingsprosessar i kommunen. Samfunnsutvikling og stadsutvikling er noko av det som er på Ingvild Hovind sin agenda i løpet av ei arbeidsveke. 

– Eg brenn for å jobbe med grunnlaget for den utviklinga som skal skje. Det er utruleg komplekst og viktig. Det er heile tida noko nytt å sette seg inn i og nye ting å lære seg. Me må òg formidle kva som skal skje og kva det kan gå på kostnad av. Kommuneplanlegging må gjerast tydeleg for folk, det er innbyggarane som skal leva med planane i framtida. Så me må lytte til ungdommar og andre som vil bu og bruke Sauda, seier Ingvild engasjert.

 At ho skulle slå seg ned på garden Fattnes Vestre og jobba som kommuneplanleggar i Sauda var ikkje eit vegval ho peika seg ut. Heller tvert imot. Ho vaks opp nesten 500 kilometer i luftlinje frå rådhuset i Sauda, som i dag er hennar arbeidsplass. 

 Ingvild har ikkje gitt slepp på trønderdialekta. Den er avslørande kvar gong ho snakkar, sjølv om den kanskje ikkje lenger vil bli anerkjent av dei som gjer prestisje av å snakke mest mogleg og riktigast dialekt. 

Les meir i papiravisa, eller last ned eavis her