Helitrans ønsker å flytte basen sin frå Haugesund til Sauda.

HAR SØKT KONSESJON: Helitrans har søkt Luftfartstilsynet om konsesjon til å etablere sekundærbase i Sauda. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Ønsker helikopterbase på Birkeland

Helitrans ønsker å flytte basen sin frå Haugesund til Sauda.

av Frank Waal

Helitrans har gjennom ei årrekke utført ei rekke transportoppdrag med helikopter i Sauda. Det er særleg i samband med kraftutbygging og bygging og vedlikehald av kraftlinjer at transportselskapet har hatt flest oppdrag.

Selskapet har hatt ein sekundærbase ved Haugesund, men ønsker nå å flytte denne basen til Sauda. Helitrans har derfor søkt Luftfartstilsynet om konsesjon til å etablere ein permanent landingsplass og hangar på Birkeland.

Helitrans har inngått ein intensjonsavtale med Aartun Transport, som eig ei stor industritomt på Birkeland. Dersom Helitrans får konsesjon skal Aartun Transport bygge hangar. Helitrans skal leige landingsplass, hangar og kontorplasser hos Aartun på Birkeland. Hangaren vil bli sett opp ved sida av næringsbygget Aartun Transport har reist i næringsparken på Birkeland.

Helitrans søker om konsesjon til å utføre 40 flybevegelsar i veka, avgrensa til 2000 flybevegelsar i året. Eit helikopter som tar av og deretter landar igjen på basen, blir rekna som to flybevegelsar.

Helitrans opplyser i søknaden at mesteparten av flyaktiviteten vil skje mellom klokka 07 og 19. I høyringsforslaget som Luftfartstilsynet har sendt Sauda kommune, foreslår Luftfartstilsynet at Helitrans får lov til å gjennomføre inntil 100 flybevegelser i året etter klokka 19.00.

Høyringsfristen er sett til 20. oktober 2017.

Les meir om saka i papiravisa som kom ut tysdag denne veka, eller last ned eavis her