Teikneserieskaparen Børge Lund blei i dag, fredag, tildelt Stavanger Aftenblad sin kulturpris.

Børge Lund har laga teikneserien ”Lunch” i ti år, og er nå serieskapar på fulltid. Foto: Erik Jørgensen.

Avis-kulturpris til ny saudabu

Teikneserieskaparen Børge Lund blei i dag, fredag, tildelt Stavanger Aftenblad sin kulturpris.

av Ingvil Bakka

Saudabuen Børge Lund er mannen bak teikneserien ”Lunch”. I dag, fredag, då Stavanger Aftenblad markerte sin 124-årsdag, blei han tildelt avisas kulturpris for 2017. På nett skriv Stavanger Aftenblad at dette er første gong at prisen går til ein teikneserieskapar. I juryens grunngiving heiter det at Lund i sitt ”Lunch”-univers ”viser oss et arbeidsliv som er absurd og gjenkjennelig på samme tid: Persongalleriet er vanvittig og samtidig presist, situasjonen som beskrives er elleville og likevel hverdagslige, arbeidsmiljøet er totalt fjernt – men også nært for alle som jobber på kontor.”

Børge Lund er i godt selskap saman med tidlegare vinnarar av Stavanger Aftenblads kulturpris. Prisen, som har blitt delt ut sidan 1951, har tidlegare gått til fem andre saudabuar. Dette er: Kartan Fløgstad (1984), Arnvid Lillehammer (1987), Bjørn Eidsvåg (1991) og Arthur Svendsbråten (1993). Prisen går til personar som har gjort ein fortent innsats innan Rogalands kulturliv, og er statuetten ”Blomekransen” og 30 000 kroner.