Langt oppe i Nordstøldalen treff du plutseleg på ei eventyrverd med tussar og troll.

Søndag blei Trollplassen i Nordstøldalen offisielt opna. Leabøen barnehage var på snarvisitt i førre veke, før opninga.

«Det var ein gong tre bukkar som skulle til seter for å gjere seg feite….»

Langt oppe i Nordstøldalen treff du plutseleg på ei eventyrverd med tussar og troll.

av Edd Meby

For ikkje å snakke om dei tre bukkane bruse, som kjem gåande over brua, på veg til seter for å gjere seg feite. Rett nok er dei skorne ut i tre av kunstnaren Oliver Vogt, men dei er ganske så livaktige. Det er trollet også, og Selma Fattnes (4) er ikkje redd for å innrømme at ho er litt forsiktig med troll.

– Eg er redd trollet, seier ho.

– Kor bur det?

– Der borte, seier ho stille og peiker bort mot elva.

Selma var med barnehagen sin, Leabøen, opp til den nye Trollplassen som skal blli offisielt opna søndag 3. september. Då kjem ordføraren for å klippe snor, og Barnas Turlag skal lage natursti. Men på onsdag var det ungane i Leabøen som var på besøk. Med pølsegrilling.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.