Ein sakna mann i 50-åra har oppgitt koordinat for luftambulansen å søke på.

Luftambulansen søker etter den sakna mannen på koordinat mannen sjølv oppgav måndag morgon. Bildet er eit arkivfoto.

Leiteaksjon ved Skaulen: Mannen kome til rette

Ein sakna mann i 50-åra har oppgitt koordinat for luftambulansen å søke på.

av Even Emberland

Ein mann i 50-åra blei søndag kveld overraska av tåke på veg ned frå Skaulen. Mannen planla ein dagstur, men fekk utfordringar på vegen ned då tåka kom. Familien kontakta politiet søndag kveld.

Siste: Litt etter klokka 10 måndag føremiddag opplyser politiet at mannen har tatt seg ned til folk og er i god behald.

Måndag opplyser operasjonsleiar ved politiets operasjonssentral i Haugesund Jan Magne Østebøvik til Ryfylke at mannen var i kontakt med Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) måndag morgon, klokka 07.10.

– Luftambulansen er sendt inn og søker etter mannen på koordinata han har oppgitt. Forhåpentlegvis finn me han i det området, seier Østebøvik.

Hjelpemannskap frå Røde Kors i Sauda, Vindafjord, Suldal og Etne bistår i leiteaksjonen, i tillegg til politiet og eit Sea King-helikopter. Operasjonssentralen i Haugesund opplyste måndag morgon at leiteaksjonen vil halde fram med nye mannskap utover dagen.