Aldersdemens er ei stor utfordring i pleie- og omsorgstenesta i Sauda. Arbeidarpartiet ønsker nå eit pilotprosjekt for å testa ut alternative tiltak i demensomsorga.

Arbeidarpartiets Bjørg Ravnøy (frå venstre), Asle Rafdal og Laura Seltveit har tatt initiativ til at det blir arbeida fram eit pilotprosjekt retta mot ei gruppe på ni-ti lokale demenspasientar. Foto: Ingvil Bakka.

Vil tenke nytt om demens

Aldersdemens er ei stor utfordring i pleie- og omsorgstenesta i Sauda. Arbeidarpartiet ønsker nå eit pilotprosjekt for å testa ut alternative tiltak i demensomsorga.

av Ingvil Bakka

– Målet er å klara å gi ei betre eldreomsorg gjennom å tenka nytt og tradisjonelt, seier Asle Rafdal.

Saman med Bjørg Ravnøy og Laura Seltveit har han vore i Arbeidarparti-gruppa som har engasjert seg i og jobba for å retta fokus mot demensarbeid i eldreomsorga i Sauda.

Aldersdemens er eit namn på fleire sjukdomstilstandar som opptrer hyppig i høg alder, og som har svikt av intellektuelle funksjonar som kjenneteikn. I takt med at levealderen i Norge går opp, aukar også talet på menneske med demens.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.