Bøsseberarane stilte mannsterke søndag under TV-aksjonen. Totalt kom det inn 150 000 kroner i Sauda.

Brit Tove Rørtveit Guggedal var blant dei mange som bidrog med ein skjerv då Kristin Amdal og Siren Tveit Garstad var bøsseberarar for TV-aksjonen søndag. Foto: Frank Waal.

Søndagstur for ei god sak

Bøsseberarane stilte mannsterke søndag under TV-aksjonen. Totalt kom det inn 150 000 kroner i Sauda.

av Frank Waal

Kristin Amdal og Siren Tveit Garstad tilhøyrde den yngste delen av dei frivillige bøsseberarane som søndag gjekk Sauda på kryss og tvers.

– Det går til ei god sak, seier Kristin Amdal.

Fleire av familiemedlemmane hennar stilte opp som bøsseberar. Kristin fekk gå med venninna Siren i Grønsdalfeltet i Saudasjøen.

– Eg har gått med innsamlingsbøsse før, men eg klarer ikkje å huske nå kva den innsamlinga gjekk til, opplyser Siren Tveit Garstad.

Årets innsamling går til barn i krigsherja land slik at dei skal få skulegang, i regi av Unicef.

Eit tosifra antal bøsseberarar stilte opp på Risvoll skule for å fordele dei ulike rutene i Saudasjøen. Rodeleiarane hadde i forkant vore på Rådhuset og henta bøssene.