Håvard Jårvik Djuve, Thomas Karbøl Oxaal, Even Kvaløy og Jarle Rød fekk 25 000 kroner kvar av Sparebankstiftelsen Sauda.

Tre av dei fire glade vinnarane av kulturstipendet. Frå venstre: Thomas Karbøl Oxaal (langrenn), Even Kvaløy (skyting) og Jarle Rød (piano). Langrennsløpar Håvard Jårvik Djuve hadde ikkje mulegheit til å vera til stades under utdelinga torsdag kveld. Foto: Privat.

Sparebankstiftelsen opna pengesekken

Håvard Jårvik Djuve, Thomas Karbøl Oxaal, Even Kvaløy og Jarle Rød fekk 25 000 kroner kvar av Sparebankstiftelsen Sauda.

av Ingvil Bakka

– Det er heilt supert å få eit slikt stipend. Skiutstyr er dyrt, og det blir også ein del reiser i samband med renn og treningar, seier Håvard Jårvik Djuve.

17-åringen er ein av fire unge saudabuar som torsdag kveld fekk tildelt 25 000 kroner frå Sparebankstiftelsen Sauda. Djuve er langrennsløpar og har gått langrenn sidan han var rundt åtte år gammal. Nå satsar han aktivt vidare på skitalentet sitt.

– I år tar eg andre året på skigymnaset i Sirdal. Eg satsar for fullt framover, fortel han.

Dette er tredje gong Sparebankstiftelsen deler ut kulturstipend for ungdom. Dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Sauda, Sivert Sørnes, fortel at dette er dei einaste individuelle stipenda stiftelsen deler ut.