Influensaen er på veg. Kommuneleiinga oppmodar helsepersonell til å ta imot tilbodet om gratis vaksinering.

Kommunalsjef helse og omsorg, Aina Olene Tveit blei vaksinert av Siv Ripland måndag, like etter rådmann Rune Kloster Tvedt. Dei betalte vaksineringa sjølv. Foto: Ingvil Bakka.

Ber folk vaksinera seg

Influensaen er på veg. Kommuneleiinga oppmodar helsepersonell til å ta imot tilbodet om gratis vaksinering.

av Ingvil Bakka

– Hovudårsaka til at ein ønsker at helsepersonell vaksinerer seg, er å beskytta pasientar og brukarar med nedsett immunforsvar mot influensasjukdom, seier Siv Ripland, vaksineansvarleg ved Sauda legesenter.

November og desember er influensamånadene nummer éin i Norge, og ganske sikkert vil ein ny runde komma til Sauda om eit par veker. Nå oppfordrar kommuneleiinga folk til å vaksinera seg. Spesielt ønsker dei at tilsette som jobbar med pasientar og brukarar tar imot tilbodet om gratis vaksine. Tidlegare erfaringar viser at det er få tilsette som nyttar seg av tilbodet. Ifølge Ripland kan det vesle stikket i armen bli litt raudt, ein kan få litt vondt i armen ein dag eller to, og enkelte kan oppleva mildare forkjølelsesymptom.

– Samanlikna med å få influensa er dette lite å bry seg med. Vaksinerer ein seg, hindrar ein smitte til kollegaer eller pasientar, og ein reduserer belastninga på kollegaer ved å unngå sjukefråvær, seier rådmann Rune Kloster Tvedt.

Høg vaksinasjonsdeltaking i helsevesenet er også viktig for å oppretthalde ein tilfredsstillande beredskap under eit større influensautbrot.

OBS: Sauda legesenter har fått inn 400 vaksinar, og tilbyr vaksinering på Åbøtunet førstkommande torsdag og torsdag 23.november. Altså er det to veker mellom dei to vaksinasjonsdagane, og ikkje èi slik Ryfylke kom i skade for å skriva i papiravisa tysdag.