Meir enn dobla omsettinga i 2016 samanlikna med året før.

Roger Vik si bedrift Fjord & Fjell Sunnkost AS var den einaste saudabedrifta som i 2016 auka omsttinga med 100 prosent eller meir. Arkivfoto: Even Emberland.

Roger Vik er einaste Sauda-gaselle

Meir enn dobla omsettinga i 2016 samanlikna med året før.

av Ingvil Bakka

Dagens Næringsliv presenterer kvart år liste over norske gasellebedrifter. Gasellene er Norges raskast veksande og mest vellukka bedrifter.

Ei gasellebedrift må minst ha dobla omsettinga på fire år, og tena pengar. I Rogaland er det i 2017 kåra 153 gasellebedrifter, der éi av desse er registrert i Sauda.

På 118. plass finn me den relativt nye bedrifta Fjord & Fjell Sunnkost AS. Saudabedrifta, med Roger Vik i spissen, gjekk frå ei omsetting på 5,4 millionar i 2015 til ei omsetting på 10,5 millionar i 2016 – ein vekst på heile 110 prosent.