Ordførar Asbjørn Birkeland viser leiar i trafikksikringsutvalet i Rogaland fylkeskommune, Gustav Løge Fosse, kor Sauda kommune ønsker seg miljøgate langs Fv 520 i sentrum. Foto: Edd Meby.
Ordførar Asbjørn Birkeland viser leiar i trafikksikringsutvalet i Rogaland fylkeskommune, Gustav Løge Fosse, kor Sauda kommune ønsker seg miljøgate langs Fv 520 i sentrum. Foto: Edd Meby.

Sauda vil bli god på trafikksikring

Sauda fekk onsdag status som Trafikksikker kommune og er dermed nummer fem blant kommunane i Rogaland.

– Trafikksikker kommune er eit fantastisk konsept og de har gjort eit svært godt arbeid med å laga denne planen, sa leiar for trafikksikringsutvalet i Rogaland fylkeskommune, Gustav Løge Fosse, då han delte ut synlege bevis under ei tilstelning på rådhuset.

Ordførar Asbjørn Birkeland tok imot og han meiner administrasjonen på rekordtid har jobba fram ein god plan.

– Vi har mykje dokumentasjon og ein god plan, så nå handlar det om å følgje opp.

– Med meir pengar til trafikksikring?

– Dette vil ikkje koste så mykje. Det viktigaste er meir bevisstgjering omkring trafikksikring. Vi skal tenke på ein annan måte.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.