Ultraløparen kom aldri til start i NM. Ein øydelagt menisk gjer at ho må gjennom operasjon.

Den øydelagde menisken sette ein stoppar for Aud Elisabeth Stuhr si NM-deltaking, og ho kan ikkje springe på fleire veker. – Eg får endå meir tid med familien og ungane, og det er fint, seier ho. Onsdag i førre veke stod brettspel saman med ungane Emma og Elvira på programmet.

Aud Elisabeth Stuhr tvinga til operasjon

Ultraløparen kom aldri til start i NM. Ein øydelagt menisk gjer at ho må gjennom operasjon.

av Even Emberland

Sist helgs norgesmeisterskap i 24-timarsløp var Aud Elisabeth Stuhr store mål for siste del av årets sesong. Tidlegare i år har ho mellom anna sprunge under VM-kravet på eit 100-kilometersløp i Portugal, og i september vann ho Oslotrippelen.

I oppkøyringa til NM dukka det opp utfordringar tre veker før ho skulle stå på startstreken på innandørsbanen på Bislett stadion.

– Det kom heilt plutseleg og var noko av det same som dukka opp på same tid i fjor. Då var det ei rift i menisken, og det gjekk over etter kvart. Eg har jo fått springe i heile år, seier Stuhr.

Denne gong var det meir alvorleg. I førre veke var ho til MR-undersøking. Resultata frå undersøkinga var ikkje til å ta feil av. Menisken i hennar venstre kne er øydelagt, og det krev operasjon for å få den god igjen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.