Grunneigar Nils Jarle Sandanger må ta beina fatt. Vegen til eigedomen ligg under vatn. Foto: Frank Waal.
Grunneigar Nils Jarle Sandanger må ta beina fatt. Vegen til eigedomen ligg under vatn. Foto: Frank Waal.

Landfast på Birkeland

I løpet av torsdag har det blitt flaum på Birkeland. Grunneigar Nils Jarle Sandanger må la bilen stå og vasse langs vegen.

I løpet av torsdag har dei store nedbørsmengdane begynt å gjere seg synlege fleire stader i Sauda. Rødstjødna ved golfbanen har flauma over stien og ei trebru, og ved Sagfossen går vatnet over brua på fylkesvegen. Vegen er likevel open for trafikk.

På Birkeland har vatnet begynt å samle seg opp på jordene som innsjøar. Grunneigar Nils Jarle Sandanger må la bilen stå.

– Eg har ein låg bil og vasstanden på vegen er for høg til at eg kjem meg ut frå eigedomen, opplyser Sandanger.

Han er meir bekymra for husa rundt.

– Eg har budd her i 15 år. Kun éin gong før har eg sett så mykje vatn her.

Oppsynsmann John Ola Espevik ved teknisk eining i Sauda kommune opplyser at dei har fleire område i Sauda under oppsikt.

– Verst er det her på Birkeland. Me vurdere å bestille ein gravemaskin for å opne opp. Stig vatnet meir er det fare for at det kan bli vasskader på enkelte bygningar. I tillegg har me ein del bekkar i Sauda som me held oppsyn med, seier Espevik.

Svandalsfossen er igjen opna for trafikk med manuell dirigering på staden.

Sagfossen går over fylkesvegen mellom Sauda og Maldal. Foto: Frank Waal

Faktaboks