Steinar Hee Solheim var oppslukt av å gjere karriere. Plutseleg endra alt seg, og i dag har han lært seg å sette pris på heilt andre verdiar enn høgast mogleg løn og finast mogleg arbeid.

Steinar Hee Solheim stortrivst med livet han har i Sauda i dag, etter å ha gått på eit par smellar tidlegare. Foto: Even Emberland.

Frå topp til botn – og til topps igjen

Steinar Hee Solheim var oppslukt av å gjere karriere. Plutseleg endra alt seg, og i dag har han lært seg å sette pris på heilt andre verdiar enn høgast mogleg løn og finast mogleg arbeid.

av Even Emberland

Steinar har ein kronisk psykisk sjukdom. Han fekk påvist bipolar type 2 liding medan han studerte i OL-byen Lillehammer, i perioden 2009 til og med 2014.

Det er vanskeleg å sjå det på han, der han hjarteleg helsar velkommen, finn fram ein kaffikopp, byr på vestlandslefser ein kollega har tatt med på jobb og navigerer inn på kontoret han held til på omtrent halvparten av arbeidstida si. Det skal han fortelje meir om seinare, men det viktigaste først.

Sjølv ikkje om du ser aldri så godt etter får du auge på noko som kan minne om ein kronisk psykisk sjukdom hos Steinar. Han sprudlar der han fortel kvifor han stortrivst i jobben, om at han tidlegare blogga, eit kort opphald i Sandnes etter studiane, og at han i dag har ein strålande kvardag.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.