Brannvesenet, med god hjelp frå brannhelikopteret, bønder med gjødselvogner og Sivilforsvaret, er i ferd med å sløkke skogbrannen.

Mannskapet på dette helikopteret gjorde ein stor innsats for å få kontroll på skogbrannen i Sauda. Foto: Frank Waal.

Har kontroll på brannen

Brannvesenet, med god hjelp frå brannhelikopteret, bønder med gjødselvogner og Sivilforsvaret, er i ferd med å sløkke skogbrannen.

av Frank Waal

Like etter klokka 17 tysdag ettermiddag opplyser 110-sentralen i Haugesund at skogbrannen i Sauda er i ferd med å bli sløkt.

– Det er kontroll på brannen og helikopteret står nå på bakken stand bye, opplyser vaktleiar Steinar Eilertsen.

Med mindre situasjonen skulle endre seg vesentleg er skogbrannen snart over.

– Det ser ut til at mannskapet får has på den. Me hadde flaks. Helikopteret befant seg i Sauda og stod i beredskap då brannen starta. I tillegg var det lite vind då brannen starta, seier Eilertsen.

Han opplyser at arbeidet framleis pågår og at bønder kjører gjødselsvognene sine oppover ein skogsveg og pøser på med vatn.

– Straumen på ei straumlinje blei kopla ut under brannen, opplyser vaktleiaren.

 

Sjå også:

Sjå video frå sløkkearbeidet.

Skogbrann i Sauda.