Fekk ros for nye punkter i kommuneplanen

Måndag orienterte rådmannen politikarane om at arbeidet med å laga konkrete og tydeleg mål i kommuneplanen var godt i gang. Han viste fram oversikt over kva mål ein ser føre seg at Sauda kommune kan ha fram mot 2030, innan felta Verdiskaping og næringsutvikling, Innovasjon, samarbeid og samskaping, Leva i Sauda, Tettstadutvikling med kvalitet og Energi, klima og miljø.

Politikarane likte det dei såg og høyrte.

– Fire tomlar opp. Dette var bra, sa Eirik Daniel Fatnes frå Senterpartiet.

– Det var akkurat dette me ville ha då me la inn ”bestillinga” om målsettinga, sa ordførar Asbjørn Birkeland, også han frå Senterpartiet.