Jone Bjerga Øverland er mykje ute i naturen i Slettedalen og nærområdet. Då passa det perfekt å få ein draumedag saman med Statens Naturoppsyn frå MOT-Sauda.

Eitt av oppdraga Jone fekk vera med på var å finne merkeboltane som markerer grenseområdet for naturreservatet på Kulthaug i Slettedalen. Foto: Reidar Sandal.

Drøymedag i eiga leikegrind

Jone Bjerga Øverland er mykje ute i naturen i Slettedalen og nærområdet. Då passa det perfekt å få ein draumedag saman med Statens Naturoppsyn frå MOT-Sauda.

av Even Emberland

I veka før haustferien fór Jone Bjerga Øverland til fjells ein heil skuledag. Tiandeklassingen var blant dei fire heldige som i mars blei trekt ut til å realisere sin draumedag av MOT-Sauda. Kvart år søker niandeklassingane MOT sitt nasjonale draumefond, med ei beskriving av korleis ein mogleg draumedag er for dei. Det er ingen frå Sauda som har blitt trekt ut nasjonalt, men lokalt jobbar MOT-Sauda for at nokre av draumane likevel kan realiserast.

Øverland fekk vere med Statens Naturoppsyn og oppsynsmann Reidar Sandal i Slettedalen.

– Me var på ein plass som heiter Kulthaug i Slettedalen. Der fiksa me på gamle skilt og sette opp nye. Så gjekk me med GPS for å finne merkeboltane som viser kor naturreservatet på Kulthaug har sine grenser, forklarer Øverland.

Viste veg for Statens Naturoppsyn
14-åringen er godt kjent ute i naturen i Slettedalen. Han er sjølv aktiv skiløpar og mykje i Slettedalen om vinteren. Familien hans har hytte i Slettedalen, og den bruker dei mykje dei andre årstidene også. Til dømes nå på hausten, kor dei er ofte ute på jakt med utgangspunkt frå hytta.

– Eg kunne nesten meir om Slettedalen og området her enn oppsynsmannen. Eg viste han Berdalen, demninga der og kor me pleier å jakte. Han syntest demninga var stor, der hadde han aldri vore før. Det var veldig kjekt å vise han noko nytt, seier Øverland.

Får energi i naturen
Den opprinnelege planen for 14-åringen sin draumedag var å bli med i eit helikopter opp i meir ukjent terreng for å telle reinsdyr i området. Planane måtte endrast på grunn av vêret. Øverland var uansett godt fornøgd med dagen.

– Det var veldig kjekt å få vere heile dagen ute i naturen og gå på tur i staden for å sitte stille på skulen. Eg blir fort litt rastlaus om eg må sitte på ein skulestol i mange timar når det er fint vêr ute. Det gir meg energi å vere ute i naturen, forklarer han.

Blink på fuglejakt
Denne hausten skaut Øverland sin første fugl på rypejakta saman med familien, ei helg før haustferien.

– Det var ei fjellrype, og ho sat og var ikkje i flukt. Eg skaut ho på ganske langt hald med hagle. Det var veldig kjekt. Det var min første fugl på jakt. Me er mykje på jakt nå på hausten, det er vel stort sett det me driv med på fritida, seier Øverland og smiler.

– Kva er det som gjer at du synest det er så kjekt ute i naturen?

– Pappa og mamma tok meg med ut heilt sidan eg var bitteliten. Eg liker å fiske, jakte og gå på ski, ja, bare vere ute, for det er jo ganske fint i naturen. Men det eg gler meg aller mest til i Slettedalen nå, det er krinsmeisterskapet i langrenn i vinter. Det blir i dei nye løypene, så det trur eg blir kjekt. Eg har vore med og jobba litt dugnad der, seier Øverland.