Ingen hadde fleire enn ni rette i Ryfylke sin spådomskonkurranse.

Hanne Dahl-Olsen blei trekt ut som vinnar av Ryfylke sin spådomskonkurranse 2018. Ho og fem andre hadde ni rette. Kollega Ellen Amdal sørger for at alle Statkraft-tilsette i Sauda deltar i konkurransen. Foto: Ingvil Bakka.

2018 – eit vanskeleg år å spå

Ingen hadde fleire enn ni rette i Ryfylke sin spådomskonkurranse.

av Ingvil Bakka

Som vanleg arrangerte Ryfylke i januar i fjor sin årlege spådomskonkurranse. Medan det tidlegare år har vore enkelt å kåra ein vinnar med tolv eller elleve rette, var det denne gongen fleire bom på alle deltakarane. Seks personar hadde ni rette. Blant desse finn me 14 år gamle Alise Solbakken, som med sine tolv rette vann spådomskonkurransen i 2017. Då Ryfylke intervjua den spådomsivrige Solbakken-familien i januar i fjor, lova pappa Jarle revansj etter å ha blitt dårlegast av heile familien. Her kan me nå avsløra at det blei med dei tøffe orda. Pappa Jarle blei, med sine sju poeng, slått av alle dei tre døtrene sine. Men han klarte like mange som kona Anne.

Overrasking i posten

Dei som hadde klart å karra seg til ni rette i spådomskonkurransen for 2018 er Alise Solbakken, Ottar Løvik, Siri Ramsnes, Hanne Dahl-Olsen, Erik Espevik og Odd Erik Egge.

Sidan ingen utmerka seg som ein framsynt ”spåmann” eller ”spåkone” har me valt å gjera ei tilfeldig trekking av ein vinnar som får ei overrasking i posten. Vinnaren blei Hanne Dahl-Olsen. Ho starta godt med seks rette på rad, bomma på tre påstandar, før ho avslutta med tre rette.

Vanskelege påstander

Den første påstanden i konkurransen var ”Kolumbus avviklar HentMeg-ordninga og gjeninnfører rutebussordninga i Sauda.” Her var det klart at mange saudabuar i januar i fjor var svært skeptiske til bussomlegginga til Kolumbus. Mange kryssa av på ”Ja” her. Men ordninga starta som ein suksess, og pågår ennå. Mange trudde også at det ville bli ny deltakarrekord i Hovlandsnuten opp. Det blei det ikkje. Rekorden på rundt 1170 deltakarar, sett i 2014, står ennå. Det blei ikkje fødd minst 50 ungar i Sauda i 2018. Ifølge jordmor Torunn Djuvik enda talet på 41. Albatross fekk ikkje utviklingsløyve og kunne starta opp bygginga av ein oppdrettslekter. Dronning Sonja måtte til slutt takka nei til å bli med på opninga av Folkets Hus, nokon som faktisk blei klart før svarfristen i konkurransen gjekk ut. Det var ingen saudabu som vann sykkelrittet Haugesund-Sauda, men sandnesbuen Kristjan Osaland.

Påstanden om at kommunestyret skulle vedta eit budsjett med eit overskot på 3,0 prosent eller meir, var det mange som bomma på. 2019-budsjettet landa til slutt på eit vedtak om 3,44 prosent i netto driftresultat. Den knallvarme og solrike sommaren må nok ta skulda for at utebadeanlegget ikkje sette ny besøksrekord i 2018. Her bomma svært mange. At ein ny frisør skulle etablera seg med ny frisørsalong i Sauda var ein litt kinkig påstand, både for folk og for oss som har retta alle svararka. Konklusjonen må bli at svaret blir ”Ja” på denne, etter at Hilde Birkeland oppretta ein frisør- og hudpleiesalong på deltid heime på Fløgstad utpå hausten 2018.

At det blei minst 20 varmegrader på Saudadag-laurdagen var det nok mange som håpa på, men samtidig var det mange som kryssa ”Nei” her. Så vidt Ryfylke veit har ingen saudabu vunne over 50 millionar kroner i eit pengespel i 2018, og A-laget klarte som kjent å rykka opp ein divisjon.

Ingen juks

Om nokon skulle tru at konkurranse-arrangøren Ryfylke har noko som helst spådomsfordelar, tar dei skammeleg feil. Hos oss var det flaut mykje feil. Mest rett hadde Bente Rasmussen, Ingvil Bakka og tidlegare grafikar Conny Rasmus, som alle tre klarte sju rette. Dei andre hadde seks, fem og fire rette. Ryfylke sine svarark er uansett ikkje med i konkurransen.

Totalt kom det inn 123 svarark til konkurransen.