I dag fredag er det møte mellom Sauda Vekst, Sauda kommune, Rogaland fylkeskommune, Statens vegvesen, Etne kommune og næringsutviklingsselskapet i Etne for å diskutere vegen vidare for veg mellom Sauda og Etne.
Harald Halvorsen Løland er engasjert på timesbasis av Sauda Vekst for å arbeide med ein framtidig veg mellom Sauda og Etne.
Det er lokalavisa Grannar som opplyser dette.