Kommunestyret er tydelege på at hurtigbåttilbodet til Indre Ryfylke må styrkast og ikkje reduserast.

Kommunestyret i Sauda er tydelege på at staten må gjere om fordelingsnøkkelen til hurtigbåtar, slik at ein kan unngå kutt. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil gå gjennom fordelingsnøkkelen på nytt. Foto: Frank Waal.

– Hurtigbåten må styrkast

Kommunestyret er tydelege på at hurtigbåttilbodet til Indre Ryfylke må styrkast og ikkje reduserast.

av Frank Waal

Den nye fordelingsnøkkelen til statlege overføringar for hurtigbåtar rammar Roagaland. Derfor foreslår fylkesrådmannen å kutte 40 millionar kroner. Dette kuttet kan ramme hurtigbåten til og frå Sauda. Onsdag vedtok kommunestyret sin høyringsuttale i saka.

– Det er nasjonale føringar på at det skal blir satsa meir på kollektive transportmiddel og at me skal sykle meir. Det får vere måte på kor langt me skal sykle. Dette heng ikkje ihop. Kutt i hurtigbåttilbodet er heilt feil veg å gå. Ein bør forsterke tilbodet slik at enda fleire bruker kollektiv transport, meiner Ivar Johannes Handeland (Sp).

Fylkesrådmannen har lansert fleire alternative kuttforslag. Fleire av forslaga handlar om hurtigbåten mellom Stavanger og Sauda, og der tilbodet blir dårlegare. Det eine forslaget er at saudabuen må reise lenger med buss før dei kan gå ombord i hurtigbåten.

Dette får Kristian Landro (KrF) til å reagere.

– Det er stor forskjell på om du reiser med ei jakke eller tre ungar og ei barnevogn, og deretter må av bussen undervegs til Stavanger, for så å måtte vente på ein hurtigbåt, seier Landro.

Han meiner saudasamfunnet må vere tydeleg i denne saka.

– Dette er viktig for Sauda og det er viktig at hurtigbåten går heilt inn til Sauda.

Bytte svekker bruken

Ordførar Asbjørn Birkeland (Sp) viste til forskning som er gjort innanfor kollektivtransport.

– All forskning viser at talet på kollektivt reisande går ned med 21 prosent dersom dei må bytte transportmiddel undervegs på reisa. Hurtigbåttilbodet må styrkast og ikkje bli svekka. Hurtigbåt skal kunne konkurrere med bil når det gjeld reisetid, til alle døgnets tider, meiner Asbjørn Birkeland.

Kjell Reidar Austarheim (Ap) meiner at Sauda må kunne stille som krav ein sømlaus kommunikasjon til Stavanger.

– Sauda kan ikkje leve med at båtruter blir gjort om til bussruter, meiner Austarheim.

Ivar Johannes Handeland (Sp) slo eit nytt slag for meir miljøvennlege hurtigbåtar.

– Ja, hurtigbåtar forureinar. Det er fullt muleg å satse på hurtigbåtar som bruker hydrogen eller er elektriske, meiner Handeland.

Ønsker styrka båtrute

I tillegg til at kommunestyret vedtok ein høyringsuttale om fylkesrådmannens foreslåtte kutt i hurtigbåtbudsjettet i Rogaland, vedtok også kommunestyret ein høyringsuttale om det nye inntektssystemet til fylkeskommunane. Det er i dette inntektssystemet den nye fordelingsnøkkelen til hurtigbåtar ligg.

Begge desse høyringsfristane har gått ut, og Sigrid Bojesen Fatnes (Sp) ville vite om rådmannen hadde søkt om utsetting av høyringsfristen.

Rådmann Rune Kloster Tvedt kunne opplyse at Sauda ikkje hadde søkt om utsatt frist, men at han var sikker på at Sauda ville bli høyrt, og at Sauda hadde vore tydeleg i denne saka undervegs.

Kommunestyret vedtok eit høyringssvar der det blei understreka at hurtigbåten utgjer ryggraden i kollektivtrafikken i Ryfylke, og at det er avgjerande viktig å ikkje svekke Saudaruta som hovudrute mellom Stavanger og Sauda, ikkje minst fordi hurtigbåt vil oppleve aukande konkurranse etter opninga av Ryfast-tunnelen. Sauda kommune meiner at Saudaruta må bestå og styrkast, og at Rogaland fylkeskommune må jobbe for å rette opp ”utilsiktede konsekvenser av endring av statlig finansiering av båt og ferjeruter”.

 

Departementet i ferd med å snu

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har innsett at den nye fordelingsnøkkelen til hurtigbåtar og ferger ikkje er god nok.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lyst ut eit anbod som går ut i dag, 15. mars. I anbodet er det tydeleg at departementet innser at den nye fordelingsnøkkelen for hurtigbåtar ikkje er god nok. Dette bekrefter også departementet langt på veg overfor Ryfylke.

– Målet er å finne kriteriar som er meir treffsikre enn kriteria i dagens nøkkel. Håpet er at prosjektet vil gi eit betre grunnlag for fordeling av midlar til båtar gjennom inntektssystemet, seier kommunikasjonsrådgivar Kristell K. Herland.

Formålet med oppdraget er å komme med forslag til nye kriteriar for båtar i kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane. Oppdraget er avgrensa til båtkriteria i delkostnadsnøkkelen for båt og ferge.

Herland understrekar at det fortsatt vil vere fylkeskommunane sitt ansvar å vurdere korleis rutetilbodet skal bli lagt opp lokalt, innanfor dei tilgjengelege rammane.

Den som får oppdraget skal levere ein rapport med forslag til nye kriteriar for båtar i kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane.

Departementet opplyser at dei forutset at representantar for fylkeskommunane blir involvert i arbeidet, for eksempel gjennom ei referansegruppe. Departementet vil at alle berørte fylkeskommunar blir invitert til å delta i ei slik referansegruppe, med mulegheiter for å komme med innspill, både tidleg i arbeidet og når eit foreløpig rapportutkast er klart.