Aslaug Astad og Sauda sogelag arrangerte i helga Rogaland Historielag sitt årsmøte i Folkets Hus. Astad blei sjølv valt inn som Rogaland sin representant i Landslaget for lokalhistorie. Foto: Even Emberland.
Aslaug Astad og Sauda sogelag arrangerte i helga Rogaland Historielag sitt årsmøte i Folkets Hus. Astad blei sjølv valt inn som Rogaland sin representant i Landslaget for lokalhistorie. Foto: Even Emberland.

– Me er veldig sikre på at Aslaug er eit godt val

Eit einstemmig årsmøte ville ha leiaren av Sauda sogelag som Rogaland Historielag sin representant i Landslaget for lokalhistorie sitt styre.

Laurdag heldt Rogaland Historielag sitt årsmøte på Folkets Hus i Sauda. Iveren for eit årsmøte på det restaurerte kulturhuset var så stor at fylkeslaget raskt flytta årsmøtet frå den opprinnelege datoen 23. mars, sidan Folkets Hus då er opptatt med andre arrangement.

– Det stod høgt for oss å ha årsmøtet på Folkets Hus, så då fekk me til å skyve årsmøtet fram til denne helga, seier Birger Lindanger, leiar i Rogaland Historielag.

– Kvifor valde de å ha dette årsmøtet i Sauda?

– For det første er Sauda sogelag eit veldig aktivt lokallag. Dei har profilert seg veldig godt og positivt i og for resten av fylket i mange år. Me syntest det var naturleg å legge årsmøtet til Sauda. For oss som fylkeslag er det viktig å vise fram kva dei ulike lokallaga driv med, og dette var ein god sjanse for å legge det til Sauda og Folkets Hus. Det blir veldig spanande å sjå korleis Folkets Hus ser ut nå, for sist me var i Sauda, var det ikkje restaurert, forklarer Lindanger.

Representerer tre fylke

På årsmøtet blei Aslaug Astad valt som Rogaland Historielag sin vararepresentant til styret i den nasjonale paraplyorganisasjonen Landslaget for lokalhistorie, som er Norge sin største kulturvernbevegelse. I landsstyret står fylkeslaga i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland saman om éin plass i styret. Astad vil framover vere vararepresentant på vegner av dei tre fylkeslaga. Ifølge fylkesleiar Lindanger rullerer Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland på éin styreplass og éin vararepresentant, og frå og med årsmøtet i mai er det Rogaland sin tur til å ha vararepresentanten. Styret i Landslaget for lokalhistorie består av seks styremedlemmer og seks vararepresentantar.

–  Ho har mange personlege kvalitetar som vil vere ein styrke i eit slik landsstyre. I tillegg bør begge kjønn vere representert i landsstyret, og det talar også til hennar fordel. Men først og fremst er ho ei dyktig dame med mykje organisasjonspraksis og erfaring. Ho er ryddig i alt ho gjer, og ho vågar å seie frå samtidig som ho har glimt i auget. Me er veldig sikre på at Aslaug er eit godt val, seier fylkesleiar Lindanger.

Årsmøtet var einstemmig i valet av saudabuen.

– Det viktigaste er at Rogaland Historielag er representerte i landslaget sitt styre, og som vararepresentant får eg alle papir og saker. Eg synest det er interessant å følge med på kva som skjer internt i landslaget, og eg har vore på eit par landsmøte kor eg synest det er interessante spørsmål som blir tatt opp. Mi oppgåve blir å informere Rogaland Historielag om kva som rører seg i landsstyret, slik at me kan ha ei stemme der, seier Astad.

Fascinert av Sauda

Forutan dei obligatoriske postane på årsmøtet var det også lagt inn ein industrihistorisk rundtur i Sauda etter lunsj. Totalt var drygt 80 personar til stades på årsmøtet og rundturen som delegatar for sine respektive lokallag. Lindanger opplyser at det er minst eitt lokallag i kvar kommune som er del av Rogaland Historielag.

– Sauda har lenge markert seg som eit aktivt lokallag med mange medlemmer. Plassen har også ein spesiell historie. Det var ei bygd som fekk eit industrieventyr med alt det inneber, og det blei ein smeltedigel med folk som kom frå alle område. Det blir interessant å sjå korleis det ser ut i dag, og det er det tydeleg at mange andre også tenker, for me har folk som er med heilt frå Lund for å delta på årsmøtet og rundturen, seier Lindanger.

Stor medlemsmasse

At Sauda sogelag er eit aktivt lokallag i Rogaland Historielag blir understreka av medlemstala til dei respektive lokallaga i Rogaland. Ifølge tal frå fylkessekretær Vivian Røed Jensen har Sauda sogelag 153 medlemmer. Det plasserer dei godt over midten om ein måler lokallaga i medlemstal, sjølv om Sauda som kommune bare er rangert som nummer 16 av Rogaland sine 27 kommunar etter folketal.

Til samanlikning har Tysvær sitt lokallag 120 medlemmer, medan dei i Vindafjord har to ulike lokallag, med til saman 153 medlemmer. Lokallaget i Rennesøy kommune har 62 medlemmer, i ein kommune med 200 fleire innbyggarar enn Sauda.

– Dei store kommunane har fleire lokallag. Med samanslåinga av Stavanger, Rennesøy og Finnøy frå 1. januar blir det ti lokallag i Stavanger. Det er veldig kjekt at det generelt er mange som er interesserte i lokalhistorie i fylket. Me ser jo at foreiningslivet generelt slit med å rekruttere, men akkurat lokalhistorie verkar å engasjere. Særleg ser me at det er mange som fattar stor interesse for det etter kvart som dei blir eldre, forklarer Lindanger.