Dommaransvarleg Johannes Rød i SIL Fotball er i ferd med å få eit luksusproblem. Stadig fleire ungdommar kursar seg til fotballdommarar – mange av dei jenter.

Sauda IL opplever god tilgang på klubbdommarar om dagen. Blant dei ferske kampleiarane av året er òg Mathea Herheim Rasmussen, som laurdag dømte sin aller første fotballkamp. Foto: Knut Atle M. Seim.

− Skummelt, men kjekt å vera fotballdommar

Dommaransvarleg Johannes Rød i SIL Fotball er i ferd med å få eit luksusproblem. Stadig fleire ungdommar kursar seg til fotballdommarar – mange av dei jenter.

av Knut Atle Seim

Onsdag i førre veke var 17-18 saudaungdommar med på klubbdommarkurset som kvalifiserer dei til å leia kampar i barnefotballen. Alt i helga fekk dei praktisera det dei hadde lært, då dei fekk debutera som kampleiarar under Sauda cup som gjekk av stabelen på stadion laurdag og søndag. Blant dei ferske klubbdommarane som var i aksjon laurdag formiddag, var Liva Sørnes og Mathea Herheim Rasmussen.

− Det er kjekt å dømma, men det kan av og til vera vanskeleg å få med seg alt som skjer, fortel Sørnes etter å ha unnagjort sin første omgang som fotballdommar i kampen mellom Sauda G/J 8 rød og Sauda G 9 blå.

På sidelinja står Eivind Hustveit og følger med. Saman med Mathias Hystad Gudbrandsen gjennomførte han rekruttdommarkurs, som er trinn to i dommarutdanninga, tidlegare i vår. I helga var dei to rettleiarar for mange av dei ferske klubbdommarane.

− Eivind sa eg kunne blåsa litt hardare i fløyta og gjerne vera litt nærare der spelet føregjekk, kunne Sørnes opplysa. Dermed var arbeidsoppgåvene for den andre omgangen gitt.

− Litt skummelt

På banen ved sida av har Mathea Herheim Rasmussen nettopp blåst av for halvspelt kamp i oppgjeret mellom Suldal J9 og Jarl J10.

− Litt skummelt, men det har gått fint, er hennar oppsummering av erfaringane som fotballdommar så langt.

− For å vera dommar, må du vel vera trygg på fotballreglane, kva tenker du om det?

− Det går bra, eg speler jo fotball sjølv, forklarer ho.

− Korleis kom du på å melda deg på dommarkurs?

− Eg høyrde nokon andre som snakka om det, og så tenkte eg at det kunne vera kjekt.

− Eg såg du hadde ein prat med rettleiaren din, Mathias, etter at omgangen var over, kva synest du om å få gode råd på den måten?

− Eg synest det er veldig bra at dei passar på og hjelper oss, slår ho fast.

Begge dei to ferske kampleiarane speler fotball på Sauda sitt jenter 13-lag. Dei har ennå ikkje starta seriespelet, men ser fram til å komma i gang med kampar sjølv. Før det skal dei i alle fall dømma ferdig kampen dei er halvvegs i og ein kamp kvar søndag.

Mathea Herheim Rasmussen (12) og Liva Sørnes (13)
debuterte i helga som fotballdommarar. Foto: Knut Atle M. Seim.

Fornøgde rettleiarar

Rekruttdommarane Eivind Hustveit og Mathias Hystad Gudbrandsen hadde på ingen måte noko i mot å hjelpa dei ferske klubbdommarane til å få ein god start på dommarkarriera.

− Dette er veldig kjekt, seier Hustveit.

− Det er ikkje lenge sidan me sjølv var nye i gamet, så me veit litt om korleis det er å skulla gjera dette for første gong.

− Det er alltid skummelt å gjera feil, med dette er ei øvingssak, meiner Hystad-Gudbrandsen.

− Kva tenker de om at det kjem så mange nye klubbdommarar nå, og at mange av dei er jenter?

− Det er dritbra, smiler Hustveit.

Dommarløft

Dommaransvarleg Johannes Rød er svært fornøgd med at rekrutteringa til dommargjerninga har fått eit løft. Oppsvingen kjem av ei bevisst satsing på å utdanna fleire lokale kampleiarar.

− Me har vel aldri eigentleg hadd skikkeleg fokus på dommarutvikling i idrettslaget. Nå ser me at det har noko for seg å arbeida meir målretta med dette, forklarer han.

I løpet av to år har nær 30 ungdommar tatt klubbdommarkurset. To er blitt rekruttdommarar og to har gjennomført kretsdommarkurs.

− Alle dei nye klubbdommarane er i aksjon i dag, opplyser Rød.

Alle desse får rettleiing undervegs. Blant mentorane for klubbdommarane finn ein og fleire a-lagsspelarar.

− Klubbdommarane skal dømma kampar heile sesongen. Det blir ikkje så mange oppdrag på kvar, sidan dei er så mange. Men då blir det til gjengjeld enklare å ta omsyn til deira eigne kampar, for me er tydelege på at dommargjerninga ikkje skal komma i vegen for kampar med eige lag, seier Rød.

SIL Fotball har denne sesongen fått dispensasjon til å dømma eigne kampar heilt opp til G19 og J17. Det er ein klar vinn-vinn-situasjon for laget lengst nordaust i Rogaland.

− Dei lokale dommarane får naturlegvis eit honorar per dømte kamp, men det er reiserekningane frå dommarar som kjem frå haugesundskanten som svir. Dei slepp me nå, i tillegg til at det blir fleire kampar å dømma for våre eigne. forklarer dommaransvarleg Rød, og legg til at dei to rekruttdommarane så langt har gjort ein godt inntrykk.

− Dei dømmer bra, slår han fast.