Som mangeårig Mot-informant er Marte Nilsen Høiland opptatt av at unge ikkje skal gi etter for press, men ho er likevel komfortabel med at ho gav etter for gruppepresset da russekullet skulle velge russepresident.

Vekas portrett: Ms. President

Som mangeårig Mot-informant er Marte Nilsen Høiland opptatt av at unge ikkje skal gi etter for press, men ho er likevel komfortabel med at ho gav etter for gruppepresset da russekullet skulle velge russepresident.

av Frank Waal

Portrettet:

Namn: Marte Nilsen Høiland.

Alder: 18 år.

Yrke: Elev ved Sauda vidaregåande skule

Favorittmat: Knekkpølse (wienerpølse) med potetstappe. Eg veit ikkje kvifor, eg synest bare det er veldig, veldig godt.

Best på TV: ”Heimebane” og ”Okkupert”. Det er to norske seriar og eg synest dei er bra.

Ungdomsidol: Eg har aldri hatt eit skikkeleg idol, men farmor og farfar har på ein måte alltid vore heltane mine.

Favorittpolitikar: Eg er ikkje superinteressert i politikk, men eg blei veldig imponert over Jens Stoltenberg etter 22. juli og måten han samla folket på.

Fjord eller fjell: Garantert fjell. Farmor og farfar har hytte i Austarheimsdalen, og nå har me kjøpt oss hytte på Breiborg.

Livsmotto: At du alltid skal prøve å vere grei med andre.

To ting du ikkje klarer deg utan: Dei eg er glade i, og så må eg vel seie mobilen min.

Kva lag/foreining ville du gitt 100 000 kroner til: Sauda Revy & Teaterlag! Det er ingen tvil der.

Russetida er godt i gang. Fram til 17. mai er raudkledde russ godt synlege i sentrumsbildet. Men alt i veka etter nasjonaldagen brakar det laus med eksamenar. Da er det slutt på russedress, russekro og ”chickelacke, chickelacke, show, show, show”.

– Eg gruer meg ikkje til eksamensperioden. Eg har jo heile tida visst at eg skal opp i eksamenar, seier Marte Nilsen Høiland.

18-åringen var veldig klar på éin ting da ho starta tredjeåret på Sauda vidaregåande skule: Ho skulle ikkje vere russepresident!

– Men etter kvart så gav eg etter for gruppepresset, så da blei det meg. Det var veldig fint at folk ønska at det skulle vere meg. Det set eg stor pris på.

Ein skal ikkje langt ut i portrettintervjuet for å skjønne at russepresidenten er av det sindige og reflekterte slaget, der skulearbeid og karakterar står høgt på prioriteringslista. Men 18-åringen legg likevel ikkje skjul på at det er gøy å vere russ.

– Det er veldig gøy. Det er mykje kjekkare enn kva eg hadde trudd. Eg har fått kontakt med mange av dei eg gjekk på ungdomsskulen med, men som på vidaregåande skule går andre linjer enn meg. Me har blitt ein samansveisa gjeng.

Marte går studiespesialisering og har staka ut kursen vidare. Frå hausten av vil ho utdanne seg til byggingeniør eller maskiningeniør i Bergen.

– Planen er å bygge på den utdanninga slik at eg kan jobbe i ”olja” eller ombord i ein båt, opplyser ho.

– Det er ikkje typiske ”jentefag”?

– Hehe. Nei, men det er noko som interesserer meg. Eg har aldri vore opptatt av å mekke på syklar og reparere ting, men eg har alltid vore interessert i å vite korleis ting fungerer. Å jobbe med fiskeoppdrett eller ombord i ein båt som legg ut gassrøyr, virker for eksempel veldig interessant. Viss eg hadde fått jobb i ”olja” så hadde eg blitt veldig fornøgd.

Etter ein bachelor ser ho for seg å ta ein mastergrad.

– Dette er også ei utdanning eg kan bruke seinare i Sauda, opplyser ho.

– Så du vil tilbake til Sauda?

– Å ja! Haha. Eg skal heim igjen, men ikkje med ein gong. Eg vil vere vekke litt først og oppleve noko anna. Det er derfor eg vil studere i Bergen. Eg synest Stavanger er litt nære Sauda når eg først skal flytte heimefrå. Bergen er langt nok borte, samtidig som det er nære nok. I tillegg er det ein fin by.

– Kvifor skal du tilbake til Sauda?

– Sauda er ein fin plass. Eg har alltid hatt det fint her. Når eg får ungar vil eg at dei skal få mulegheita til å få ein like fin oppvekst som eg har hatt.

Marte er fødd og oppvokst i Sauda, nærare bestemt på Brekke, som den midterste i ein søskenflokk på tre. Inne på Herheimsmoen, ikkje langt unna, bur farmora og farfaren. Marte legg ikkje skjul på at farmora og farfaren betyr svært mykje for ho.

– Opp gjennom oppveksten har eg vore like mykje på Herheimsmoen som heime på Brekke. I tillegg har eg vore mykje oppe på hytta farmor og farfar har i Austarheimsdalen. Der gjekk me mykje på tur og så leika me blant anna mykje i snøen og lagde hoppbakke.

Tidlegare dreiv Marte med langrenn og fotball. Etter kvart blei ho også ein del av det unge cheerleading-miljøet i Sauda som trente i Turnhallen.

– Det var flinke instruktørar me hadde i cheerleading. Dei var sjølv svært gode cheerleaderar.

Men eit dårleg kne førte etter kvart til at idretten ble lagt på hylla. Når skulen tar ferie skal ho igjen på operasjonsbordet for å få fiksa kneet.

– Eg har operert i kneet før. Etter operasjonen blir det eit par veker på krykker og deretter opptrening. Derfor blir det ikkje noko sommarjobb på meg i år, opplyser ho.

Men økonomisk heilt på bar bakke er ho likevel ikkje. Ved sidan av skulen har Marte jobba på Extra-butikken.

I mangel på idrettshobbyar er ho med i Sauda Revy og Teaterlag. Der starta ho karriera svært tidleg.

– Første gong eg var med var eg seks år gamal. Mamma er med i revy- og teaterlaget. Dei trengte ei ung jente i ”Fyr og flamme”-revyen. Mamma spurde om eg ville vere med. Etter det har eg vore med, først av og til når dei trengte meg, seinare har det blitt fast. Det er kjekt å spele teater og det er ein kjekk gjeng. I tillegg har eg ei venninne som er med, legg ho til.

Til hausten blir det sett opp ein ny revy.

– Der har eg tenkt å vere med, sjølv om eg har flytta. Eg har også lyst til å vere med vidare i revy- og teaterlaget, men det må passe inn med studier og kor eg hamner i landet. Me får sjå.

Marte har også vore Mot-informatør i fleire år. Sauda ungdomsskule er Mot-skule og Marte involverte seg i dette arbeidet. I 10. klasse reiste ho til Trondheim for å delta på Mot-camp. Derfor har ho fortsett som Mot-informatør etterpå.

– Mot har fine verdiar. Det er ting eg kan inne stå for. På ungdomsskulen hadde Mot sosiale arrangement. Det var ein plass der alle kunne samlast, føle seg velkommen og føle seg inkludert.

– Korleis er årets russekull?

– Eg trur at dei som er russ er flinke til å skille mellom russetid og skule, og ikkje la det kome heilt ut av kontroll. Eg synest russen er flinke til å tenke at det kjem ei tid etter russetida og at ein ikkje bare kan ha det gøy. Til nå har det vore veldig roleg. Det har heilt sikkert vore nokre situasjonar, men det trur eg har blitt løyst på ein fin måte. Eg trur ikkje at nokon i ettertid vil sitte igjen sure eller fornærma over det årets russekull har gjort.

Som dei aller fleste som går på vidaregåande skule har ho vore gjennom prosessen der ho må prøve å finne ein retning på livet utdanningsmessig. I dag er utdanningsmulegheitene mange.

– Har det vore vanskeleg å ta eit studieval?

– Før eg begynte i tredje klasse hadde eg ikkje tenkt så mykje på vegen vidare, men dette skuleåret har Sauda vidaregåande skule hjelpt oss mykje med å finne ut kva me er interesserte i. Da var det bare å finne linjer som passar best til vidare utdanning.

Om to veker er russetida over. Da begynner den viktige eksamensperioden. Marte Nilsen Høiland veit ho vil kome opp i tre skriftlege og ein muntleg eksamen. Norsk hovudmål er den eine eksamen ho veit ho kjem opp i. I tillegg veit ho at ho vil kome opp i enten matematikk, fysikk eller norsk sidemål.

– Viss eg slepp å kome opp i matte, så hadde eg blitt veldig glad. Av fysikk og norsk sidemål håpar eg på sidemål. Da slepp eg å øve i forkant av den eksamenen, hahaha.