Islegg Rådhusplassen

Kulda har bite seg fast. Det tyder skøyteis på Rådhusplassen. Sjå filmsnutt.

På ein strålande flott vinterdag i dag, tysdag, hadde Karl Gustav Lofthus og medarbeidarane hans ein travel føremiddag. Først la det is på tennisbanane i Åbøbyen, deretter stod Rådhusplassen for tur.

På Rådhusplassen la karane ein plastduk over grusen før dei sprøyta det varme vatnet over den komande skøytebanen.

– Me prøver dette, konstaterer Karl Gustav Lofthus.

Plastduken skal hindra at vatnet trenger ned i grusdekket.

Så om vermeldinga held stikk og kuldegradene varer ved, kan saudabuen spenna på seg skøytene og boltra seg på glattisen både midt i sentrum og i Åbøyen.

Ein islagt Rådhusplass har eit par vintrar no vore eit svært populært innslag i vinter-Sauda.