Nye lokal, fleire tilsette og stadig vekst

Dei eigenproduserte offshoreklemmene har gitt Djuvik Maskinering as ei auka omsetning på nær 80 prosent det siste året.

– Tja… Det er litt tidleg å kalla det ein suksess. Men det går godt, ja, seier ein som vanleg nøktern Bjørn Idar Djuvik, dagleg leiar i saudabedrifta Djuvik Maskinering as.

Mykje har skjedd hos den 23 år gamle bedrifta dei to siste åra. Etter at Djuvik Maskinering as, i nært samarbeid med selskapa Statoil og Island Offshore, fekk utvikla spesiallaga klemmer for offshoreindustrien, har den nå populæra ”Djuvik-klemma” blitt eit etterspurt produkt i nordsjømiljøet. Dei siste to åra har saudabedrifta laga og levert heile 2 500 klemmer til oljeindustrien.

– Me har auka aktiviteten vår kraftig og har selt godt. Dette har ført til at me har auka omsetninga vår med nær 80 prosent det siste året, seier Djuvik.

I fjor omsette saudabedrifta for tolv millionar kroner, i år kan talet passera tjue.