Boots får avslag

Ville legga ned apoteket og starta medisinutsal, men fekk nei frå Statens legemiddelverk.

[polldaddy poll=6777284]– Apoteket er berga, iallfall inntil vidare, meiner kommuneoverlege Brita Øygard.

Boots apotek søkte 21. november i år om avkall på apotekkonsesjonen sin i Sauda. Søknaden kom som følge av at apotekaren i Sauda, Tapio Heilala, i oktober i år blei pågripen av politiet, mistenkt for ulovleg oppbevaring av legemidlar i privat bustad. Apotekaren blei suspendert frå stillinga si, og har nå avslutta sitt arbeidsforhold med Boots. Fråværet av ein farmasøyt skapte store bemanningsproblem for apotekkjeda, som blant anna måtte innskrenka opningstidene sine i Sauda. Omlegging til eit medisinutsal blei derfor vurdert.

– Dette var noko me vurderte som ei kriseløysing, men noko som me absolutt ikkje ønska, seier Rune Nedrebø, regionssjef i Boots Rogaland.

I eit brev frå Statens legemiddelverk til Boots Norge skriv avdelingsdirektør Hilde Ringstad og seksjonssjef Martin Bjerke at søknaden om konsesjonsavkallet er avslått.

Boots apotek blir i brevet varsla om at dei vil bli pålagt å driva apotek i Sauda vidare. Kor lenge er førebels uvisst.