Pengar til veg og fritid

Kommunestyret har sett av 100 000 på investeringsbudsjettet for 2013 til prosjektering av utbetring av vegen mellom Linjekryss og Øverland.

Denne prosjekteringa skal få fram kva det vil kosta å utbetra dette kommunale vegstrekket. Dei 100 000 kronene skal dekkast inn av sal av kommunale eigedomar.

– Tidlegare er vegane til Åødalen, Nordstøldalen og Svandalen utbetra. Nå er turen kome til Slettedalen, sa Arbeidarpartiets gruppeførar Wenche Hoftun då ho presenterte fellesforslaget til budsjett frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.

Det var elles stor vilje blant politikarane om å vera med på å finna løysingar slik at standarden også på resten av vegen inn til Slettedalen kan hevast.

Budsjettkameratane sikra vidare fleirtal i kommunestyret om å legga inn att 250 000 kroner i tilskot til Sauda Ferie og Fritid. Forslaget frå rådmannen var å stryka tilskotet. Politikarane fann det viktig å sikra tilskotet til skibuss og løypekøyring.