*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder

Berga inntil vidare

Avgjerda om å legga ned dagambulansen frå og med 2. januar er utsett.

– Gode nyheter! seier ordførar Frode Sulen glad.

Helse Fonna vedtok tidlegare denne månaden å fjerna dagambulansen i Sauda frå og med 2. januar 2013. Med ei slik ordning ville Sauda bare hatt ein ambulanse i beredskap døgeret rundt.

Vedtaket har skapt sterke reaksjonar i Sauda, og kommunen har, med ordføraren i spissen, sendt eit  protestbrev til helseføretaket.

Om det er brevet som har gjort at Helse Fonna nå har valt å endra på vedtaket sitt er uvisst. Likevel, dagambulansen i Sauda skal driftast vidare, også etter 2. januar 2013 – iallfall enn så lenge.

– Avgjerda om kutt er utsett inntil vidare. Men me kjem ikkje til å gi oss, og vil kjempa vidare for ambulansen, seier ordførar Frode Sulen.

Like etter nyttår vil Sauda kommune ha eit møte med Helse Fonna for å diskutera saka og utfordringane knytt til ambulanseberedskapen i Sauda.