Helse Fonna sitt nylege vedtak om å legga ned drifta av dagambulansen i Sauda har ikkje falle i god jord, verken hos lokale politikarar, kommuneadminstrasjon eller i helsevesenet. Måndag kalla ordføraren inn til eit ekstraordinært møte om saka. Med på møtet var sentrale politikarar og representantar frå kommuneadministrasjon, helsevesen og næringsliv.
– Eg trur heile Sauda er samla om dette. Trygghet for innbyggarane er viktig, og eit så dramatisk kutt i ambulanseberedskapen skaper utrygghet, seier ordførar Frode Sulen.
Sauda kommune har nå skrive eit protestbrev til Helse Fonna.
I det seks sider lange brevet, som er underteikna av ordførar Sulen, opposisjonsleiar Ivar Tangeraas (Høgre) og kommuneoverlege Brita Øygard, blir det uttrykt stor bekymring over vedtaket til Helse Fonna.
– Me meiner vedtaket er gjort i strid med bestemmelsar i overordna samarbeidsavtale, om at partane har forplikta seg til å gjera ein konsekvensanalyse i felleskap ved planlegging av tiltak som har verknad på den andre parten, heiter det i brevet.