Svandalen-Lars Reidar

– Ikkje trygt utanfor løypene

Stort snøfall aukar rasfaren i områda utanfor løypene i Svandalen.

Sauda skisenter har vore bra besøkt sidan opninga. Familieheisen vart opna laurdag 8. desember, og det nederste trekket tre dagar etter.
– Føret er bra no, og snøen har sett seg. Talet på besøkande er jamt aukande, så sjølv om eg alltid håper på meir folk i trekket, må seie meg nøgd, seier Lars Reidar Fosstveit, dagleg leiar av Sauda Skisenter.
Etter den svært kvite jula var det i går, torsdag, klart for å opne trekket opp til Smalanuten.Dei store mengdene snø som fall i Sauda i jula er likevel ikkje berre til glede.

– Kombinasjonen av mykje snø og at det har blåst har gjort at snøen legg seg på litt rare plassar, og skredfaren er veldig stor. Ein er trygg så lenge ein held seg innanfor merka løyper, men beveger ein seg utanfor må ein verkeleg passe på, seier Fosstveit med ettertrykk. I tillegg til åtvaringa om skredfaren, har trekksjefen ein annan nyheit til det breie publikum.

– Frå januar kjem me til å utvide opningstidene slik at me held trekket ope heile dagen kvar dag utanom måndag, opplyser han, og håper dette vil kunne lokke folk til å finne fram utstyret i vekedagane.

Les meir i papiravisa