Oppnemner politiske utval

Neste år skal kommunestyret oppnemna politiske utval innan kvart av tenesteområda i kommunen. Desse utvala skal sjå på drifta innan dei respektive tenesteområda og koma med konkrete forslag til innsparing og effektivisering av drift og investering. Forslaga skal så leggast fram for kommunestyret i god tid før behandlinga av budsjettet for 2014.

Utvala skal óg kunne brukast som rådgivande organ for kommunestyret gjennom heile året.

Ordførar og alle gruppeleiarane skal i det første møtet i kommunestyret i 2013 legga fram ei sak om korleis dei politiske utvala skal organiserast.

Forslaget om å oppnemna politiske utval vart sett fram av Eirik Birkeland, Senterpartiet, og vedteke mot stemmene frå Wenche Hoftun og Hallgeir Amdal frå Arbeidarpartiet, Laila Stødle, Knut Atle Seim, Sjur Hatlen og Katrine Skorpe frå Høgre og Jan Birger Eide frå Framstegspartiet.