*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Kommunalsjef Aina Olene Tveit hadde håpa at Sauda og Suldal kunne vente til etter ferieavviklinga med å etablere ein akuttberedskap for barnevernet. Arkivfoto.

Tre nye legar på veg til Sauda

Men må fortsatt ty til vikarar inntil dei nytilsette kan starta.

– Det er absolutt lys i tunnelen, men det blir ein krevande vår ettersom me må ha vikarar inne fram til dei faste kan tiltre, seier kommualsjef helse og omsorg. Aina Olene Tveit.

I løpet av få veker har Sauda kommune nå tilsett tre nye legar. Inga Cecilie Sørheim, som nyleg tok doktorgrad i KOLS, er tilsett, men startar ikkje før 1. september. I går, torsdag, 3. juledag, blei det klart at dokter Mohamed Fougou også har takka ja til jobbtilbudet frå kommunen. Han startar i jobben ved Sauda legesenter 1. mars, forøvrig samstundes med dokter Barbro Saltnes, som har hatt halvanna år permisjon frå jobben sin ved legesenteret. Dokter Anne Ruth Syrtveit Mikalsen har også takka tatt imot jobbtilbodet frå Sauda. Ho kjem til bygda med familien sin, og startar i jobben 1. juli.

Med både vikarlegar og nytilsette legar på veg til Sauda kan det verka som om ting er i ferd med å stabilisera seg ved det kommunale legesenteret, som snart vil ha legar nok i høve til folketalet.

Les meir i papiravisa