Ras ved Almannajuvet

Regn, slaps og ras

Vêret gav trafikantane utfordringar laurdag. Vegen til Hellandsbygd var stengt i nær tre timar.

Mildvêr og kraftig regn gav laurdag oversvømma vegar og utfordrande køyreforhold. Ryddemannskapa hadde si fulle hyre med å brøyta unna snø og halda stikkrenner opne.

Mellom anna vart vegen til Hellandsbygd stengt laurdag kveld grunna eit snøras ved Almannajuvet. Ein kombinasjon av snø, stein og greiner gjorde det umogleg å passera rasstaden. Bulldosar vart tilkalla for å rydda vegbanen. Etter nær tre timar kunne dei ventande bilane og dei som hadde vald å snu konstatera at trafikken igjen kunne gå som normalt.