Hybelmangel

Akutt hybelmangel

To elevar ved transportfagavdelinga har ingen stad å bu og vurderer å slutta på skulen.

– Eg bur på Kløver, men det går jo ikkje i lengda. I løpet av veka må eg ha ein stad å bu, elles må eg seia frå meg skuleplassen, seier Daniel Nilsen Jørgensen frå Sandnes.

25-åringen starta måndag denne veka på eit 19 vekers yrkessjåførkurs ved Sauda vidaregåande skule. Totalt var det 24 nye elevar, 23 av desse utanbygds frå, som starta på skulen på Birkeland nå måndag.

Ni elevar tar 19 vekerskurs, medan 15 elevar er lærlingar og skal gå på skulen i ti veker.

Håvard Mydland frå Vikeså er lærling og har heller ingen stad å bu.

– Eg bur på sofaen hos venner. Men eg kan ikkje gjera det lenger. Viss eg må slutta på kurset denne veka veit eg ikkje kva eg skal gjera vidare, seier 18-åringen.

Leiinga ved transportfagavdelinga ved Sauda vidaregåande skule er bekymra for den prekære hybelmangelen.

– Me står på og bruker store ressursar på å rekruttera elevar til bygda. Slik det er nå har skulen kapasitet til å ta imot elevane, men Sauda har tydelegvis ikkje kapasitet. Me er oppriktig bekymra, seier avdelingsleiar Paul Åbø.

Også kontaktlærar Lars Njøten liker dårleg utviklinga på hybelmarknaden.

– Skulen får nye, populære linjer som trekker til seg elevar utanfrå. Det viser seg at me i framtida vil få færre elevar frå Sauda og Suldal – men stadig fleire elevar som må flytta til Sauda for å gå på skule. Då må Sauda ha hyblar å tilby dei, seier Njøten.

Daniel Nilsen Jørgensen fortel at han aktivt har leita etter eit stad å bu. Rett nok har han fått tilbod enkelte stader, men dei er anten veldig overprisa eller gjeld hytter altfor langt ifrå skuleplassen på Birkeland.

– Eg føler meg veldig heldig som kom inn på dette 19-vekerskurset. Det er ganske dramatisk viss eg må seia frå meg skuleplassen. Viss eg må ta utdanninga gjennom privatskule vil det fort kosta meg 200 – 300 000 kroner, seier han.