Dømt for ”kameratfyll”

Var betydeleg meir rusa enn dei sjølv meinte då dei krasja med bil.

Ein saudamann i midten av tjueåra var tiltalt for å ha latt ein rusa kompis kjøra bilen sin. Saka blei ført for Haugaland tingrett tidlegare i januar i år.

Blodprøvar tatt av dei to heile fire timar etter ulukka viste at begge hadde høg promille. Medan sjåføren då hadde 1,41 hadde bileigaren/passasjeren ein promille på 1,43.

Saudamannen var tiltalt for å ha overlatt bilen sin til ein person som ikkje var i stand til å kjøra. Retten meinte at han burde ha forstått at vedkommande var påverka av alkohol, sannsynlegvis med ein promille på 1,5, då han gav frå seg bilnøklane denne dagen. Retten meinte at saudamannen dermed handla forsetteleg.

Saudamannen blei dømt til ubetinga fengsel i 27 dagar. I tillegg fekk han ei bot på heile 64 000 kroner.