– Me har hatt fleire forseinkingar, og burde ha vore i gang med bygginga i haust dersom det skulle vore aktuelt med opning til turistsesongen 2013, vedgår Arne A. Moen, prosjektleiar for Statens vegvesen si store Nasjonal turistveg-satsing i Almannajuvet.
I neste veke startar arbeidet med å bygga servicebygget som skal stå på parkeringsplassen ved riksvegen i Almannajuvet. Det 28 kvadratmeter store bygget skal reisast i ein plasthall i Saudasjøen og truleg fraktast med trailer opp til Almannajuvet i slutten av april.
Det er Mesta som står for bygginga, men også saudafirmaet Weldone as er involvert i arbeidet.
– Først planla me eit stålbygg, men nå er det bestemt at bygga skal vera i tre. Bygga har vinduskarmar og dører i stål, pluss stålsko som fundamenta skal stå i. Det vil Weldone ta seg av, forklarer Moen.
I løpet av vinteren og våren i fjor gjekk det fleire store steinras i Almannajuvet. Blant anna blei ei trebru knust til pinneved, medan gruvevegen fleire stader fekk skader. I seks-sju veker i august-oktober i fjor jobba to reinskelag med å rydda og sikra delar av området. Ifølge Mesta gjenstår det nå rundt tre veker med meir rydde- og rassikringsarbeid. Dette arbeidet vil starta opp i mai. Brua som blei knust av steinmassar blir neppe erstatta i år. Kor mykje ekstrakostnader rassikringa vil bety for prosjektet, er førebels ikkje konkretisert.
– Eg har rett og slett ikkje peiling. Det er nok iallfall meir enn ein million kroner så langt. Og så kjem arbeidet me må ta nå til våren, seier Moen.
Dei ekstra utgiftene som kjem følge av steinrasa skal ikkje beslastast Sauda kommune.
– Dei kostnadene tar Statens vegvesen, opplyser Arne A. Moen, prosjektleiar for Nasjonal Turistveg-satsinga i Almannajuvet.