Nytt hybelbygg

Nytt søkelys på hybelmangelen

Politikarane lovar å sjå med velvilje på tiltak som vil gi fleire studenthyblar. Om det vert hyblar på Birkeland, er uvisst.

Artikkelen i Ryfylke fredag om Daniel Nilsen Jørgensen og Håvard Mydland rettar nok ein gong fokus på behovet for fleire hyblar for skulelevar i Sauda. Dei to var nær med å måtta seia frå seg plassane sine på yrkessjåførlinja, då dei ikkje fann stad å bu. No løyste det seg for Jørgensen og Mydland, men frå komande skuleår startar Sauda vidaregåande skule ei ny ski- og snøbrettlinje. Denne linja kjem i tillegg til ambulansefaglinja og andre tilbod som trekker utanbys elevar til Sauda.

– Ei kjempeviktig sak for oss. Dette er tema på jamlege møte eg har med rektor på Sauda vidaregåande skule og Sauda Vekst, forsikrar ordførar Frode Sulen frå Arbeidarpartiet.

Sulen ønsker alle som har planar om å føra opp eit hybelhus eller bygga om eksisterande bygg velkommen til ta kontakt, så vil han umiddelbart knytta kontaktane vidare til aktuelle instansar.

– Skal me oppretthalda dei gode tilboda og den kvaliteten den vidaregåande skulen har, er det viktig at me har hyblar å tilby, framhevar han.

– Kan nokon leva av å driva eit hybelhus, at det skaper ein arbeidsplass, vil det vera flott, meiner han.

Frode Sulen går samstundes langt i å lova at Sverre Gustav Birkeland vil få godkjent dispensasjonssøknaden sin om å få omdisponera uthuset sitt på Birkeland, om han lagar reguleringsplanen formannskapet bad om i august i fjor.

Sverre Gustav Birkeland let seg imidlertid ikkje overtyda av godorda frå politikarane. Han viser til at formannskapet i august i fjor kravde at han lagar ein reguleringsplan før dei behandlar søknaden hans om å få ominnreia bygget ført opp som uthus til hyblar. Ein slik reguleringsplan meiner han vil kosta 70 – 80 000 kroner å utarbeida. Han er ikkje sikker på at han utan vidare vil laga ein slik plan.

– Først må politikarane overtyda meg om at det er det rette. Her er det snakk om å laga ein plan for eitt hus inne på eit gardstun, noko som ikkje påverkar landbruksdrifta. Og eg veit jo ikkje kva vedtaket vil verta, om eg lagar planen og søker dispensasjon. Det kan vera pengar rett ut av vindauga, fryktar han.