– Kjempekjekke pengar. Pengane gjer at me kan ta oss råd til ulike prosjekt og andre uføresette utgifter, seier Vibecke Håheim, leiar i Sauda Idrettslag.
157 258 kroner blei i 2012 ført over på kontoen til Sauda Idrettslag. 420 grasrotspelarar har med dette gitt fem prosent av det dei har tippa for i fjor til idretteslaget. Sauda Idrettslag sine grasrotmidlar frå 2011 har stått ubrukt på konto, og blir nå delt ut saman med tippepengane frå 2012. Fleire av gruppene i idrettslaget får nå tildelt pengar frå grasrotpotten. Hoppgruppa får rundt 70 000 kroner til vedlikehald av klubbhuset sitt ved Brattebakken. I Slettedalen trengst det lysarmatur, så der skal det investerast rundt 63 000 kroner i lys og lyspærer.
Totalt bruker Sauda Idrettslag nå rundt 275 000 kroner på dei ulike prosjekta i gruppene sine.