Redningsaksjon i Maldal

Fann ikkje vegen ned frå fjellet i mørket.

Ein 40 år gammal mann frå Sauda ringte naudtelefonen om bad om bistad då han ikkje fann vegen ned frå fjellet i mørket fredag kveld. Han skal ha opplyst at det ikkje var kjempekrise, han hadde både gode klede og varm drikke, men at han altså ikkje fann fram. Då han ringte meinte han at han var ein stad i Lauvåsdalen i Maldal. Røde Kors rykka ut med snøskuter og ein time etter at mannen hadde ringt, klokka 20.30, blei han funnen i god behald.