Fekk fleirtal for hytteskatt

Forskjellen i ideologi var tydeleg då fleirtalet i kommunestyret vedtok å innføra hytteskatt.

– Eg trur me alle er einige om målet: Me vil ha mange hytter i Sauda. Men me er ueinige om vegen dit, konstaterer Hallgeir Amdal frå Arbeidarpartiet.

Amdal målbar Arbeidarpartiet sine meiningar då politikarane onsdag diskuterte om kommunestyret skulle innføra eigedomsskatt for alle faste eigedomar i kommunen, det vil seia også for hytter.

– Høgre er prinsipielt imot eigedomsskatt, slår Høgres Knut Atle Seim fast.

Seim seier til Ryfylke at partiet meiner at vekst avlar ny vekst, og vekst skaper inntekter.

– Eigedomsskatt kan bidra til å hindra veksten i hyttebasert reiseliv, fryktar han.

Høgrerepresentanten argumenterer med at politikarane må sjå tala i reknestykka over tid. Han viser til at hytteeigarane legg att mykje pengar i lokalsamfunnet, og slik gir verdfulle bidrag til den lokale verdiskapinga. Då er oppfattinga hans at å stimulera til vekst i hyttemarknaden i det lange løp er ein betre måte å sikra inntekter på enn hytteskatt.

– Pengane kjem inn, dei kjem berre inn ein annan veg, konkluderer Knut Atle Seim frå Høgre.