Startar omfattande riveprosess

NVE har gitt Saudefaldene løyve til å riva den gamle kraftstasjonen i Hellandsbygd og røyrgata på Dalvatn.

Nå skal røyrgata og stasjonen i Hellandsbygd rivast. Det same skal røyrgata på Dalvatn. Kraftstasjonen på Dalvatn kom i drift i 1922, men etter ei kraftig oppgradering av stasjonen med bygging av ny røyrgatetunnel i samband med Saudaprosjektet i 2007, er det ikkje lenger bruk for den gamle røyrgata som førte vatnet ned frå Holmavatn. Også denne røyrgata skal nå rivast og fjernast frå terrenget.

– Bakgrunnen for rivinga er lovverket knytt til konsesjonen Saudefaldene fekk til å bygga ut meir vasskraft i Saudafjella. Der står det at nedlagde vasskraftanlegg skal fjernast dersom eigaren ikkje lenger vil halda det ved like. Slik sett er dette ein gyllen anledning for oss til å visa korleis me kan rydda i terrenget etter ei vasskraftutbygging, forklarer Ola Hårajuvet, Saudefaldene sin prosjektleiar for rivinga.

Fjerningsplikta er streng og omfattar alle konstruksjonar, uavhengig av kor omfattande og kostnadskrevande rivinga blir.

– Å bevara eller å riva er omtrent like kostnadskrevande. Me går inn for riving, seier Ilstad.

Truleg vil det kosta Saudefaldene mellom 30 og 50 millionar kroner å få gjennomført rivinga av dei gamle vasskraftinstallasjonane.