Wapz hovudbilete

Femteplass til Wapz Elite

Men saudabuane er godt fornøgd med gjennomføringa av NM-programmet sitt.

–  Eg trur me fekk litt trekk for eit par ulovlige element. I showet vårt hadde me eit par saltoar som ikkje er lovlege, seier Hege Eikemo, hovudtrenar for Wapz Elite.

Sundag ettermiddag blei det klart at seniorlaget til Wapz enda på ein femteplass etter finalekonkurransen i NM i cheerleading på Lillestrøm. Laget hadde, ifølge Eikemo, uflaks under konkurransen laurdagen, men greidde akkurat å komma seg vidare til sundagens finale.

Sundagen stemte det meste.

– Me kjørte eit perfekt show. Me kunne ikkje gjort det betre, meiner Hege Eikemo.

Juniorlaget frå Sauda, Wapz Extreme, hamna på 13. plass i sin klasse.