Kjenningar står bak valdsepisoden

Fire menn gjekk til angrep på Jan Nordbø og dørvaktene hans laurdag kveld.

– Eg har jobba i utelivsbransjen i mange år, men har aldri opplevd makan, seier Jan Nordbø.

To av dørvaktene hans måtte fraktast til legevakt med skader i ansiktet etter valdsepisoden i 22-tida laurdag kveld. Sjølv fryktar han at ein gammal nakkeskade er slått opp igjen etter dei brutale basketaka.

Lensmann Randi Kalvik meiner hendinga er svært urovekkande. Dei fire skal blant anna ha vore fleire i lag då dei angreip ei av vaktene, og dei skal då også ha sparka og slått ein av vaktene medan han låg på bakken.

– Me har mottatt fire anmeldelsar. Ein av dei vil også bli meldt for å ha bore på seg ein kniv på offentleg stad. Om anmeldelsane går på lekamsfornærming eller lekamskading gjenstår å sjå. Dei skal også ha knust ruta i hovudinngangsdøra til hotellet, seier lensmannen.

Kva som var årsaka til at dei fire mennene var så aggressive denne laudagskvelden er førebels uklart. Kalvik fortel at det at den eine av karane blei bortvist frå Kløver Hotel kan ha vore ein grunn.

– Det er ikkje første gong me har hatt krøll med desse karane. For eit par veker sidan måtte dei bortvisast frå sentrum etter å ha yppa til bråk, seier Kalvik.

Les meir papirutgåva eller last ned e-avis her.